LibreOffice 7.1 Hjelp
Dette er ei oversikt over verktøylinjene i LibreOffice Writer.Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.
Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
Når ei ramme er vald, viser Rammelinja dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av ramma.
OLE-objektlinja vert vist når eit objekt er valt. Ho inneheld dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av objekt.
Tabellinja inneheld funksjonar for arbeid med tabellar. Linja vert vist når du flyttar skrivemerket til ein tabell.
Teikneobjektlinja, som vert vist når eit teikneobjekt er valt, inneheld funksjonar for redigering og plassering av teikneobjekt.
Verktøylinja punkt og nummerering inneheld funksjonar for å endra på strukturen i nummererte avsnitt, som for eksempel å endra på rekkjefølgja eller velja ulike avsnittsnivå.
Inneheld formateringsfunksjonar for tekst i teikneobjekt. Tekstobjektlinja vert vist når du dobbeltklikkar inni eit teikneobjekt.
Statuslinja viser informasjon om dokumentet og inneheld ulike ikon med eigne funksjonar.
Verktøylinja for førehandsvising av sida vert opna når du førehandsviser eit dokument.
Linjalane viser storleikstilhøva på sida, i tillegg til tabulatorar, innrykk, kantlinjer og spalter. Du kan endra alle desse posisjonane på linjalane med musepeikaren.
Med Formellinja kan du laga reknestykke som du kan setja inn i eit tekstdokument. Trykk F2 for å visa Formellinja.
Klassifikasjonslinja inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet
Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve til BAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane (Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa eigenskapar) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.
Gå til menyen Vis → Verktøylinjer og velKlassifisering
Verktøylinja for brevfletting inneheld kommandoar for dei siste stega i flettingsprosessen.