LibreOffice 7.2 Hjelp
Skriv inn innstillingane for den valde stilen.
Viser namnet på dei valde stilane. Skriv inn eit namn på stilen viss du lagar eller endrar på ein tilpassa stil. Du kan ikkje endra namn på stilane som er førehandsdefinerte av programmet.
Oppdaterer stilen når du bruker direkte formatering i eit avsnitt som brukar denne stilen. Formateringa av alle avsnitta som nyttar denne stilen vert oppdatert automatisk.
Vel ein eksisterande stil som du vil skal følgja etter den gjeldande stilen i dokumentet. For avsnittstilar vert den neste stilen brukt på avsnittet du lagar ved å trykkja «Enter». For sidestilar vert den neste stilen gjeldande når ei ny side vert laga.
Vel ein stil som finst frå før (eller - Ingen -) for å bruka definisjonane i gjeldande stil. Bruk dei andre fanene for å endra den arva stilen.
Du kan ikkje bruka denne innstillinga med ein sidestil eller ein listestil.
Rediger eigenskapane for den overordna stilen.
Viser kategorien til stilen. Vel «Eigendefinert stil» frå lista viss du lagar eller endrar ein ny stil.
Du kan ikkje endra kategorien til ein førehandsgjeven stil.
Skildrar formateringa som er brukt i stilen.