LibreOffice 7.3 Hjelp
Set inn innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit valfritt format.
Viser kjelda for innhaldet i utklippstavla.
Vel eit format for innhaldet i utklippstavla som du ønskjer å lima inn. Tilgjengeleg format er avhengig av formatet på kopien eller utklippet.
NÃ¥r du limer inn HTML-data i eit tekstdokument, kan du velja "HTML-format" eller "HTML-format utan merknadar". Det andre valet er standard og alle HTML-dataa vert limte inn, men ikkje merknadane.
Dette dialogvindauget kjem opp i Calc viss utklippstavla inneheld celler frå rekneark.
Choose one of the presets to quickly load commonly used settings for Paste Special.
Pastes only cell contents including text, numbers and dates.
Pastes cell contents and formats applied to cells.
Pastes only formats applied to cells.
Pastes all cell contents with their positions transposed.
Check this option to load the preset and immediately apply it. When unchecked, choosing a preset will only load the corresponding options in the dialog without pasting anything.
Uncheck Run immediately to load the options from the preset and change its settings in the Paste Special dialog before applying them by clicking OK.
Vel eit format for innhaldet i utklippstavla som du vil lima inn.
Limer celleinnhaldet, merknadar, format og objekt inn i det gjeldande dokumentet.
Set inn celler som inneheld tekst.
Set inn celler som inneheld tal.
Set inn celler som inneheld verdiar for dato og klokkeslett.
Set inn celler som inneheld formlar.
S>et inn merknadar kopla til celler. Dersom du vil leggja merknadane til celleinnhald som finst frå før, bruk operasjonen «Legg til».
Set inn innstillingane for celleformatet.
Set inn objekt som finst i det merkte celleområdet. Dette kan vera OLE-objekt, diagram-objekt eller tekne-objekt.
Vel kva operasjonar som skal brukast når du limer celler inn i reknearket.
Legg ikkje til ei handling når du limar inn celleområdet frå utklippstavla. Innhaldet i utklippstavla vil erstatta innhaldet i cellene.
Legg verdiane i utklippstavla til verdiane i målcellene. Viss utklippstavla inneheld berre merknadar, vert desse lagt til i målcellene.
Trekkjer verdiane i cellene i utklippstavla frå verdiane i målcellene.
Multipliserer verdiane i cellene i utklippstavla med verdiane i målcellene.
Dividerer verdiane i målcellene med verdiane i cellene i utyklippstavla.
Set innstillingane for innliming av innhald frå utklippstavla.
Tomme celler frå utklippstavla vil ikkje erstatta målcellene. Viss du vel dette valet saman med «multiplikasjon-» eller «divisjon-»funksjonen, vert ikkje desse utførte på tomme celler frå utklippstavla.
Viss du vel ein rekneoperasjon og ikkje vel innstillinga Hopp over tomme celler, vert tomme celler i utklippstavla handsama som nullar. Viss du for eksempel brukar operasjonen Gonga, vert målcellene fylte med nullar der det er tomme celler i området frå utklippstavla.
Rader i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert limte inn slik at dei vert kolonnar i det valde området. Kolonnar i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert limte inn og omgjorde til rader.
Set inn celleområdet som ei lenkje, slik at endringar som vert gjort i celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila. Om du vil sikra at endringar som er gjort i tomme celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila så sjå etter at òg «Set inn alt» er merkt.
Du kan òg lenkja ark innanfor det same reknearket. Når du lenkjer til andre filer, vert det automatisk laga ei DDE-lenkjek. Ei DDE-lenkje vert sett inn som ein matriseformel som må redigerast som éi eining.
Set innstillingane for flytting av målcellene når innhald frå utklippstavla vert sett inn.
Innsette celler skriv over målcellene.
Målcellene vert flytte nedover når det vert sett inn celler frå utklippstavla.
Målcellene vert flytte mot høgre når det vert sett inn celler frå utklippstavla.