LibreOffice 7.2 Hjelp
Inneheld kommandoar for å slå på modus for utforming av skjema, opnar kontrollvegvisaren og set inn skjemakontrollelement i tekstdokumentet.
Slår utformingsmodus av eller på.
Slår av eller på vegvisaren for kontrollelement.
Legg til eit felt som viser tekstetikettar. Desse etikettane er berre for å visa tekst definert på førehand og ikkje for å skriva inn ny tekst.
Legg til ein knapp som brukaren kan bruka for å velja mellom fleire ulike innstillingar. Grupperte alternativknappar må ha tabulatorindeksar som følgjer kvarandre. Dei er til vanleg omringa av eit gruppefelt. Dersom du har to grupper med alternativknappar, kan du setja inn ein tabulatorindeks mellom tabulatorindeksane for dei to gruppene på grupperamma.
Legg til ein kombinasjonsboks. Ein kombinasjonsboks er ein listeboks med ei linje som brukaren kan nytta for å velja eit punkt frå lista. Dersom du ønskjer det, kan du skriveverna elementa i kombinasjonsfeltet.
Legg til ein kommandoknapp. Du kan bruka ein kommandoknapp for å utføra ein kommando for ei særskild hending, som for eksempel eit museklikk.
Dersom du ønskjer det, kan du leggja tekst eller bilete på knappen.
Lager ein knapp som vert vist som eit bilete. Bortsett frå sjølve biletet, har ein biletknapp dei same eigenskapane som ein vanleg knapp.
Legg til eit tekstfelt der du kan definera formateringa for tekst som vert skrive inn eller skrive ut, eller leggja inn ein avgrensingsverdi.
Dato-, klokkeslett-, nummer-, valuta- og skjemamønsterfelt.
Legg til ei ramme som du kan bruka til visuelt å gruppera liknande kontrollelement, for eksempel valknappar.
Lag eit biletfelt. Kontrollelementet kan berre brukast til å leggja til bilete frå ein database. Dobbeltklikk på eit av kontrollelementa i skjemadokumentet for å opna dialogvindauget Set inn bilete. Det finst òg ein sprettoppmeny (ikkje i teiknemodus) med kommandoar for å setja inn og sletta bilete.
Bilete frå ein database kan visast i skjema og nye bilete kan setjast inn i databasen så lenge biletfeltet ikkje er skrivesperra. Kontrollelementet må visa til eit databasefelt av bilettypen. Dette kan du velja på fana Data i eigenskapane.
Lagar eit tabellelement som viser ein databasetabell. Dersom du lagar eit nytt tabellelement, opnar Vegvisaren for tabellelement seg.
Lagar ei navigasjonslinje.
Med ei navigasjonslinje kan du gå fram og tilbake mellom postar i ein database eller eit databaseskjema. Knappane på denne navigasjonslinja verkar på same måte som knappane på den vanlege navigasjonslinja i LibreOffice.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.
I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..
Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.
Når eit skjema er valt, vert dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje opna. Der kan du velja kva rekkjefølgje kontrollelementa skal veljast i med tabulatortasten.
Slår av eller på automatisk fokus på kontrollelement.