LibreOffice 7.4 Hjelp
Desse hjelpeemna er tilgjengelege for menyar og dialogvindauge.
Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.
Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.
Denne menyen inneheld funksjonar som gjeld det gjeldande dokumentet, opning av nye dokument og avslutting av programmet.
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å styra korleis dokumentet skal visast på skjermen.
Menyen for set inn inneheld kommandoar for å setja inn nye element i dokumentet. Dette inkluderer bilete, media, diagram, objekt frå andre program, hyperlenkjer, merknadar, symbol, fotnoter og bolkar.
Inneheld kommandoar for å bruka, laga, redigera, oppdatera, lasta inn og handsama stilar i eit tekstdokument.
Contains commands for activate form design mode, open control wizards and insert form controls in your document.
Viser alle funksjonar som kan brukast for å setja inn, redigera og fjerna ein tabell i eit tekstdokument.
Inneheld staveverktøy, ei biletsamling og verktøy for tilpassing av menyar og programoppsett.